Kanskje på tide med eit lite innlegg her. Byrjar bli veldig gamalt nytt at Mcain aldri fekk brukt dei "ny"erverva datakunnskapane sine som president for amerika sine sameinte nasjonar. Det er gamalt nytt at Obama vart president, at finanskrisa herjar, at svineinfluensaen er over oss og at russen også i år synest det er veldig slitsomt og litt unødvendig at eksamenane ligg så tett til deira feiring. Og så er det faktisk ei gamal nyhende at eg no er supertante til to fantastiske små jenter, men meir om det må kome ein annan gong.
Det som er nytt, er at eg no befinn meg i Horta på Azorene . Eg avviklar i år ein tidleg sommarferie for å vere mannskap ombord på båten til søskenbarnet mitt. Den godaste Sten Ingve har snart sigla eit heilt år i strekk, og har no vendt nasa (reint faktisk er det vel roret som er vendt og kursen sett) heimover. Eg har, heldig som eg er, fått lov å slå følge over nordatlantaren med kurs mot Irland.
Etter nokre dagar her har eg etterkvart blitt vant til båtlivet, som hittil har bestått i å bu ombord i ein båt som ligg ved kai. Det tar litt tid å kome inn i dette gamet. Eg har framleis hjarta i halsen når eg skal gå frå båt til båt for å kome i land. Er like sikker kvar gong på at denne gongen dett eg ned i avgrunnen mellom båtane og vert liggande å kave i vatnet. Har og funne ut at ein del lydar er det berre å leve med, det finnst ingen "mute" knapp for vatnet som klaskar i båtsida midt på natta. Heldigvis er eg utrusta med eit godt sovehjarta, for eg har på kjennsla at dei lydane som no vekker meg er fint lite samanlikna med det eg har i vente. Sjøv om eg har byrja bli vant til livet ombord er det mykje å ta tak i på kunnskapssida for ein uerfaren siglar. Styrbord, babord, slag, knop, fall, skjøte, barberhal, genaker og mange mange fleire uttrykk har eg enno til gode å fylle med meiningsbærande innhald. Går ut frå at min vilje til å lære og ein kaptein som villeg delar sin kunnskap fører til at eg går i land i Irland litt meir kunnskapsrik på siglefronten enn eg er nett no.
Etter planen skulle vi ha byrja overfarten i morgon. Føremeldingane har vist seg å ikkje vere så gode, så no vert vi liggande her vi er til fredag. Eg har god tid og kan gjerne henge litt rundt på Azorene. Eg får no god tid til å finne beste blandingsforholdet mellom vatn, ingefær og sitron. Er redd for at turen kan medføre sjøsjuke, så her er det nok lurt å vere føre var;)
For utvida info om Tempest si ferd rundt om i verda og bloggoppdateringar når vi har lagt ut på vil eg anbefale ein kik på heimesida til båten: www.seiltur.no/tempest